Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search

Fjord Norway Møre og Romsdal VESTNES

Rambergkollen - fottur

  • +47 70238800
  •  /  km From You
Overview

Lettere trimtur til Rambergkollen på Vestnes med flott utsikt over Helland, Romsdalfjorden og til Molde. Turen startar frå Remmem. 

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen og følg grusvegen opp bakken til der bomvegen startar. Ved bommen tek du av frå grusvegen, til høgre, og følgjer vidare restar etter den gamle setrevegen. Følg den gamle setrevegen oppover bakken eit stykke til den flatar ut. Her startar ein sti opp skogen, på høgre side av vegen. Følg stien som stig svakt og nokre stader brattare oppover gjennom skogen. Før du kjem ut av skogen deler stien seg, her held du til høgre. Stien har ein del røter, i våte parti er det lagt ut klopper. Etter 20-30 minutt flatar terrenget noko ut og du kjem til opnare leder og ei myr. Her har du utsikt mot fjella Båten, Ytstetinden og Remmemstiden.

Følg vidare kloppene over myra, og stien vidare opp i skogen. Her er det delvis bratt terreng opp mot toppen, men ingen luftige parti, og det er god sti. På toppen har frivillige bygd opp ein kjempefin gapahuk, og der er bålpanne og benkar som alle kan benytte - så her ligg det godt til rette for ei god pause der du kan nyte den flotte utsikta!

Turbokkasse heng i skogen bak gapahuken.

Følg same sti tilbake.

Framkomme og parkering

Køyr til Helland sentrum. I rundkøyringa ved Stella Maris og Rådhuset tek du av opp mot Myra. Etter 500 meter svingar du av til venstre (andre avkøyring til venstre etter rundkøyringa). Følg vegen rett fram i ca.600 meter, der vegen deler seg tek du til høgre, deretter etter nokre meter til høgre igjen. Parkeringsplassen ligg då rett fram, der asfaltvegen går over til grusveg.

 


  • Last Updated:
  • Source: VisitNordvest
  • torsdag
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages