Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
Fjord Norway Romsdal MOLDE

Vårsøg 75 år

Overview

Vårsøg 75 år - Sommerro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945. Diktet uttrykker gleda over våren - og over frigjeringa som var i anmarsj. I høve 75-årsjubileet inviterer vi til teaterkonsert av og med Henning Sommerro - i ei feiring av ein av våre kjæraste diktarar. Framsyninga er ei gåve frå Teatret Vårt til Moldejazz sitt 60-årsjubileum.

Henning Sommerro og gruppa «Vårsøg» platedebuterte i 1977 med kanskje den mest kjente viseversjonen av diktet med Sommerros melodi. Henning Sommerro har samarbeidd mykje med Hyldbakk. Til teaterkonserten har han skreddarsydd nye arrangement av eigne melodiar, og med utgangspunkt i Vårsøg tatt eit nytt blikk på Hyldbakks tekster. 

Saman med eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby gjev Sommerro oss ei  framsyning som er ein hyllest til Hyldbakks liv og tekster – og freden.

Hans Hyldbakk skreiv sjølv  i «Vårbrev 1945» at han hadde stor von for våren:
...i  år er trua og vona større og rikare enn nokon gong før, for no lovar våren meir enn på lenge, (...) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt."

  • Last Updated: 15.09.2020
  • Source: VisitNordvest
Dates

lø. 24. oktober 2020 18:00

lø. 31. oktober 2020 18:00

sø. 1. november 2020 14:00

sø. 1. november 2020 18:00

See All
Vårsøg 75 år
Your Recently Viewed Pages