Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
Fjord Norway Møre og Romsdal KRISTIANSUND

Unni Boksasp: Draumkvedet i Nordlandet kirke

  • Nordlandet Kirke, Kirkegata, Kristiansund, Norge, Kristiansund N
  • 9. januar 2022
  •  /  19:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Eg har vore meg opp i sk yog nedatt på svarte dike eg har sett til heite helvete,
og ein glimt av himmelrike, fortel Olav Aasteson, hovudpersonen i Draumkvedet.

Han fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Da har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir slutt blir han vitne til dommedag i Brokksvalin. 13. dag jul vaknar Olav opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.

Draumkvedet er eit visjonsdikt, truleg frå slutten av mellomalderen. Den første nedteikninga vi har av Draumkvedet er frå 1842, og sidan er omlag 100 nedskrifter innsamla – alle frå øvre Telemark. Dei mest nytta versjonane er rekonstruksjonane gjort av Jørgen Moe, M.B. Landstad og Moldke Moe, som har sett saman tekstbolkar etter ulike kjelder til «fullverdige versjonar».
«Anne er upaalidelig og ikke sanddru, hun kan vel hav lavet noget hist og her på egen Haand.» skreiv Sophus Bugge i 1857 om Anne Skålen si framføring av Draumkvedet. Og det gjorde ho sjølvsagt, som så mange før og etter henne! Folkesongarane har, tradisjonen tru, forma Draumkvedet på sine personlege måtar opp gjennom historia. Variasjon og improvisasjon er ein del av folkesongen sin natur, og var ei utfordring for innsamlarane på 1800-talet.

Folkesongar Unni Boksasp har som Anne Skålen både laga noko nytt og teke vare på det gamle. Tekstene Unni brukar er alle henta frå dei 100 ulike nedskriftene av Draumkvedet, og historia om Olav Aasteson si draumeferd er den same. Men ho har sett saman versa til sin eigen rekonstruksjon. Inspirert av tradisjonsmusikken og tidlegare formidlarar av Draumkvedet, har ho har laga ny musikk og nye arrangement til den tidlause historia.Sutene og så sorgene dei blandar eg alt ihop,munnen ler og hjarta gretdet er no ikkje alltid så moro. 

  • Last Updated: 16.11.2021
  • Source: VisitNordvest
Dates

sø. 9. januar 2022 19:00 20:30

See All
Unni Boksasp: Draumkvedet i Nordlandet kirke
Your Recently Viewed Pages