Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
Fjord Norway Romsdal MOLDE

ARE KALVØ - Hyttebok frå helvete // BJØRNSONHUSET

Overview

**ARE KALVØ – HYTTEBOK FRÅ HELVETE**

*Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen*

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar.

Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake.

Dette har aldri vore eit problem. Før no.

For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er.

Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell.

For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.

Resultatet blei «Hyttebok frå helvete», ei svært morsom og litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen.

Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som liker fjell betre enn folk.

*Arrangementet kan avlyses eller flyttes. Billetter til flyttede arrangementer er fremdeles gyldige, og kan benyttes til ny dato. Det er viktig å forsikre seg om at man har valgt riktige billetter før billettreservasjonen bekreftes. Dersom billetter blir ødelagt, slik at det ikke er mulig å sjekke billettens gyldighet, ta kontakt så sender vi deg ny*

  • Last Updated: 15.01.2020
  • Source: VisitNordvest
Dates

fr. 28. februar 2020 19:00 20:30

See All
ARE KALVØ - Hyttebok frå helvete // BJØRNSONHUSET
Your Recently Viewed Pages